Fana – Gneist 1-0 (0-0)

Vi møtte Fana til kamp mandag kveld, og hadde klare ønsker om korleis vi skulle framstå – aggressive i presspillet, tålmodige med ball og straffe motstandaren når vi hadde mulighet.
Dette lykkes vi med i store deler av kampen, og utenom nokon perioder i kampen er det vi som styrer og har press på Fana.

Gjennom kampen skapar vi store sjansar både etter innlegg, gjenvinning høgt i bana og langskudd etter fine kombinasjonar– men ballen vil dessverre ikkje mål. Samtidig slepper vi inn eit merkeleg mål etter innlegg, der det er vanskelig å sjå om det er angrep på keeper, hands-skåring eller at vi har fleire følgefeil.

På slutten flyttar vi opp fleire spelarar og bruke raskaste veg opp på deira halvdel, men sjølv med det ekstra trykket går ikkje ballen i mål og vi tapar til slutt 1-0.

Jentene viser enorm moral og vi er i stadig framgang. Kampen i går var mange hakk i riktig retning. Det er først og fremst surt og kjedelig at vi ikkje får meir ut av kampen – surt for at vi minst hadde fortjent 1 poeng og surt fordi vi var gode nok gjennom kampen til å vinne.

No har vi to gode treningsveker foran oss før vi tar imot eit formsterkt Sotra på Liland søndag 15.mai. Vi skal bruke tida til å jobbe vidare med angrepsspelet vårt, slik at vi får omdanna sjansane våre til mål.

Nicklas