Gneist – Fyllingsdalen 2                1 – 6      (0 – 2)

 

Vi møtte Fyllingsdalen 2 til kamp heime på Liland mandag 25.april. Vi hadde en tynnere tropp en vanlig grunna sjukdom og skade, og vi visste at vi ville møte et godt lag. Likevel er vi ikkje heilt på fra starten og ligg under 0-2 allerede etter 8 minutt. Etter dette justerer vi oss og er meir med i kampen, og kommer til nokre brukbare sjansar.

I pausen er vi tydelege på at vi må tørre meir med ball, og ikkje minst få opp kommunikasjonen. Stille krav til oss sjølv først, og deretter til dei rundt oss. Vi kjem rett ut av startblokkene i 2.omg og får eit visst trykk på bortelaget, noko som resulterar i redusering etter 55 minutt. Dessverre klarar vi ikkje å opprettholde trykket, og FKF2 tar meir over igjen utover omgangen. Vi blir nødt å gjere nokre bytter, og mistar strukturen fullstendig siste halvdel av 2.omgang. FKF2 skårar 4 mål på slutten og vinn kampen fortjent, men vi skal likevel ikkje sleppe inn 4 mål dei siste 15 minuttane av kampen, og dette er vi nødt å lære av. Samtidig tar vi med oss at vi klarer å justere oss etter ein dårleg start, og at relasjonene i dette relativt nykomponerte laget begynner å sette seg meir.

Neste mulighet til å vise at vi har lært av dette er neste mandag, borte mot Fana på Nesttun.

Nicklas